– kva nyttar det med ei sams skrift, vil du seia – når språka er så ulike at ingen kan skjøna kva som står skrive der? men det er ikkje slik med den kinesiske skrifta. ho kan ein lesa, sjølv om ein ikkje skjønar eit einaste ord i det kinesiske språket. er det trolldom? nei, slett ikkje, det er ikkje særleg innvikla ein gong. på kinesisk skriv ein nemleg ikkje ord, men ting. når du vil skriva sol, lagar du ei teikning av sola:

dette teiknet kan du no uttala “sol” eller “soleil” eller, som på mandarin-kinesisk, “dsjø”, det er forståeleg for alle som kjenner teiknet. no vil du skriva “tre”. då teiknar du heilt enkelt eit tre med eit par strekar, nemleg:


tre heiter “mu” på mandarin, men ein treng ikkje vita det for å sjå at det er eit tre.  

– ja, vil du seia – eg kan sjå det for meg med ting, dei er enkle å teikna. men kva gjer ein, når ein vil skriva “kvit”, fargar ein då med kvit farge inni? eller, viss ein vil skriva “Austen” då! Austen kan ein då ikkje teikna.

veit du, det går heilt regelrett vidare. “kvit” skriv ein ved å teikna noko kvitt. altså: ein solstråle. ein strek, som kjem ut frå sola:


det heiter “bei”, “kvit”, “blanc” og så vidare. og Austen? Austen er der, kor sola går ned bak trea. altså teiknar eg biletet av sola bak biletet av treet:

(all tekst omsett frå Ernst H. Gombrich – Eine kurze Weltgeschichte für junge Leser)