denne flotte salongen har flytta i dag (katteputa bur her framleis). flyttinga kom ekstremt uventa på både møblane og eg, men dei fekk heldigvis ein ny og kanskje betre heim på studentpubcaféen til HF, ad fontes. me kan vel alle semjast om at det er kjekkare enn å verta kasta, slik lagnaden såg ut for møblane innan eg greip inn.

om lag ein halvtime etter at møblane hadde reist, kom til at eg ville vitja dei i deira nye heim.  (eigentleg: eg var av hormonelle + forkjøla grunnar ikkje særleg innstilt på, eller i stand til, å vera i same hus som Møbelutkastaren – på dette tidspunktet drivande kring i husværet, overlag hyggjeleg mot den jentestereotypien han i beste meining har redusert meg til og trur at eg er)

i alle høve sit eg i den utflytte sofaen min, og les: “Mennesker arbeider for å ivareta kulturminner og videreføre verdier, normer, tradisjoner og kunst de opplever som verdifull med utgangspunkt i sin kulturelle bakgrunn. Samtidig foregår det kamper mellom ulike sosiale klasser, etniske grupper, sjikt, vitenskap og profesjoner om hva som er verdifullt, og som skal bevares og videreføres. I denne prosessen inngår både bevaring, endring, utvikling, forbigåelser og undertrykkelse – prosessen preges av motsigelser og ambivalens innenfor en “majoritetskultur” eller “minoritetskultur” og mellom disse.”

so sant.