det er med ei særs problemorientert tilnærming til mitt eige skriveprosjekt eg no freistar tala den ressursorienterte tilnærminga si sak. framgangen er til forveksling like skakkøyrd som då eg skreiv om motivasjon i fjor.

særleg øydeleggjande for teksten min er når eg må sitera setningar som følgjande: “De tospråklige lærerne er nøkkelpersoner i forhold til at elevene skal oppleve at det de allerede kan og har lært hjemme, faktisk er gyldig i skolesammenheng.” eg kunne gråta ein skvett, men nabostudina nyttar rettleiarparfyme – så eg tek meg instinktivt kraftig saman og held ut.

(i eit proporsjonalt tilhøve til den desillusjonerte, problemorienterte og umotiverte fagskrivinga, ser me den spontane, heilhjarta og utanomfaglege skrivinga taka seg valdsamt opp. som synt her.)