til ein reformator

går du med byggeplanar?
ta ei sementblokk i hendene
legg henne mot kinnet
og smil,
smil for fanden
smil!

*

det gamle

pustar
mjukt og tannlaust
tidlaust i huset, katt
kryp kring sol, elv
glefser stein, tid
skrur ein krane,

så lyser
fordervabitne eple fram
på lepper i graset.

~ Eldrid Lunden, f.eks juli (1968)