på nynorskbaren i går lærde me om nynorsk triviallitteratur, i vekst (før) og fall (no). dette fallet lyt me gjera noko med; ein stor marknad der ute svelt etter bøker som ligg kiosklitteraturen nær, medan forlaga ikkje vil gje ut slikt. nettnerdinga tek difor grep, og gjev alle skrivelystne oppskrifta på ein triviell bestseljar. med dei gamle kriteria for god triviallitteratur i botnen, og aktualiserande drag attåt.

stad: bygda (gamalt kriterium)
personar: jente og gut. utan moralsk brest (gamalt kriterium). jenta er lesbisk (aktualiserande). eit par vampyrar (aktualiserande) utan moralsk brest (gamalt kriterium). bygdefolk elles.
handling: krinsar om det nynorskbrukarar kan best, altså ting knytt til bygd og tradisjonsrik kultur (gamalt kriterium). det heile går såleis føre seg i slåtten, på ein passeleg stor gard. jenta har odel (aktualiserande). vampyrane rek i kring og gjer vampyrting (også aktualiserande). litt komplikasjonar og forviklingar, knytt til attrå og kjærleik. hopping i høy, gjerne med vampyr (men pass på at moralen held!). folkesnakk bak ei hes, og på lokalbutikken. traktorkøyring i varme netter. det skal helst enda godt (gamalt kriterium).

skriv det lettlese, på nynorsk sjølvagt, og sprei det helst over tjue bind. send inn til forlaga! (og send for all del inn til nettnerdinga viss forlaga syner seg vera skeptiske!)