mannlege parfymeritilsette kan dette å snu beint om på kjipe regndagar. med utagerande glade rørsler fortel han meg at leppestiften min, den nye, har vore på marknaden heilt sidan 80-talet*, og er her framleis fordi ei særskild kjend dame (det gjekk meg hus forbi kven, men det var sjølvaste) krev at Dior skal halda fram med å produsera han. dessutan (han syner fram hylsteret – veldig too much, gull) “kan vel ingen av venninnene dine konkurrere med dette her?”. ei tevling eg ikkje visste eg tok del i, men som eg framover skal dedikera meg meir til, sidan eg no tydelegvis ligg an til å oppnå gode resultat.

(vidare kan han i ein digresjon til parfymehylla syna at den rutemønstra parfymen min også finst i ei ikkje-rutemønstra utgåve. ho var heldigvis endå fulare enn min versjon.)

*eg vart litt skuffa her, sidan han bad meg gjetta – og heldigvis rakk eg ikkje seia det høgt før han avslørde det sjølv – men sidan eg måtte gjetta altså, ville eg trudd det måtte vera sidan typ 1920-talet minst. 30 år er ikkje so hämskt imponerande vel?