parken held pliktskuldig på regnvatnet og har difor vorte til ei einaste grøn tyngde av lauv. eg går under ei låg grein og får ei intens kjensle av bro bro brille (les “grein” meir som at heile treet valde å endra retning og veksa utover vegen i staden for opp). er eg ikkje snar nok kjem treet til å sleppa alle lauva, alle saman på ei gong over meg, og så er det min tur til å vera den sorte gryte.