fyrste praksisdag byrja friskt med sidemålsdebatt, vel å merka på lærarrommet, og motdebattant var ein medstudent frå mat.nat. det var eg lite budd på, men det gjorde ikkje noko, for etter kvart vart me meir opptekne av kvifor me tenkte så ulikt om saka, enn sjølve saka (ein skal ikkje sjå vekk frå at eg gjekk grundig inn for å styra samtalen i den leida. med hell). eit inderleg ynskje om standardisering, frå ein kultur kor klåre og avgjorde svar er røyndom, møtte ein vel så inderleg toleranse for mangfald, frå humanistisk fakultet kor to strek under svaret er stryk. kanskje.

timar seinare, på bussen heim, tenkte eg på Afrika då dei delte inn kartet med rette liner. kjende at min ståstad var den til landa, landskapet og folka som er under desse linene og ikkje vil passa inn. kjende at det er noko eg er godt nøgd med. eg liker det som ikkje kan reknast.

samstundes kunne eg umogeleg koma dragande med ein metafor til svar. det gjer mi humanistiske tilhøyrsle altfor tydeleg. likeins er det å skriva det ut i ein liten bloggpost. ekstremt HF-identitetsstadfestande.