(dei som hugsar dette programmet, kanskje forviste til tv2-benken i beste sendetid laurdag, kan få ekstra mykje ut av teksten viss dei les han med snusmumrikk-stemme på bokmål.)

stad: lærarrom personalrom, med grei overvekt av kvinner 35 – 50.

observert: ei heilt grunnleggjande handling i det sosiale mønsteret lærarar* imellom er å kjenna på kleda til kvarandre. det skjer ved samtlege tilfeldige møte, og er sjeldan eller aldri relatert til det eigentlege samtaleemnet. begeistra utrop som “gu, kor skjønn!” eller “nei, kor tøff!” er obligatoriske attåt. læraren som handlinga er retta mot gjer dinest best i å nemna at det skjønne/tøffe plagget er kjøpt på sal. det ligg mykje vyrdnad i det.

*handlinga kan vera kjønnsbestemd i nokon grad, det skal eg granska nærare i neste veke.