– heime på Voss ein tur førre helg. god mat og vin, med og utan sprudel.
– høyrt bror min fortelja om ting han kan, som eg ikkje kan.
– sett på sjukehusserie ein heil ettermiddag.
– handla og ete laurdagsgodt.
– danseteater kor me øvde på å falla. kjekt. (men eg vart så øm i høgresida at eg vakna kvar gong eg snudde meg natta etter.)
– gått opp og rundt. Fløien, Puddefjorden og Store Lungegårdsvatnet. i kombinasjon og kvar for seg.
– sprunge til Sletten og litt kortare. kjekt medan eg heldt på.
– lese for lite i ei bok eg snart må levera. kjekt medan eg heldt på.
– takla dei mange og påtrengjande endringane i heimen.
– syprosjekt, ferdigstilte.
– skrive brev.
– handla inn nok mat for ei veke, og nesten ikkje supplert!
– handla på fretex.
– sminka meg nokon dagar og nokon dagar ikkje.
– sett Gengangere to gonger. rart ei gong, direkte dårleg andre.
– sykla til Nesttun.
– vore på eit lag som nesten vann ein kviss.
– lese Dag og Tid, vertfall bladd gjennom og sett på det kjekkaste.
– sett på byggjeplassar og heisekranar.
– høyrt ein ny song på radioen som ikkje ligg på youtube (alltid skal det vera slik!!).