eg står opp klokka seks for tida. dette går leikande lett, sidan eg jamt går og legg meg før elleve. eg merkar likevel at å mista dei 1,5 timane fram til halv åtte (som gjev normal søvnlengd på ekstreme 8,5 timar, minst), fører med seg at eg går inn i ein slags festleg og forstyrra trøyttleiksrus allereie i firetida. då er det duka for mykje heilt gratis ettermiddagsunderhaldning.

i dag: eg ser ein bil som ryggar, og tenkjer oppglødd: åh, dei speler filmen baklengs! kor fint at dei gjer kultur tilgjengeleg for folk sånn midt i kvardagen.

(det var veldig vanskeleg å skriva dette, så seint som det er vorte no (~19:30). no skal eg førebu diktanalyse. nett dèt trur eg skal gå greitt.)