Har dei framleis slike dagar
inneringa av regn, og med
varmen gåande lysvaken omkring
i det kalde graset?

spør Eldrid Lunden, og eg spør har me hatt noko anna? etter dette året kor eg har plumpa uti djupe pøyser (slike som gjev seg ut for å vera ein vanleg dam, men når du trør uti finn du ut at ein bit av asfalten er vekke nett der, så vatnet har grave ut eit stort hol, og no kjem det opp i støvelen fordi du tenkte djupna feil), og sumd opp att, har eg no kome til eit punkt kor eg ser sjarmen. så

i dag lèt eg meg regna inne,

tende stearinljos,
teikna (ein stor lemur. det var ikkje plass til heile rova, så eg måtte improvisera litt.
no heng han nøgd over pulten i lag med den noko meir skeptiske Kvardagsheltinna.),
såg på dårleg fjernsyn (Frogner),
og ein film (Wir Kinder vom Bahnhof Zoo)
laga bra middag (fiskegrateng og overraskande gode poteter)
og las i fleire timar (om byggjeplassar, og Murakami.
endeleg i rett stemning til å lesa ferdig sistnemnde).

då det byrja skumra gledde eg meg på ein barnleg men veldig sterk impuls til å gå bort på arbeidsstova og laga joletrepynt av perler, og sy bilete. hugsa å ikkje stramma tråden for mykje, for då brettar biletet seg. mørke treomriss mot svartblå himmel og gateljos på vegen heim, og skikkeleg stilig å få gå heim åleine så seint om kvelden. det siste minnet er nok feil, for det var heilt sikkert ein bror med òg. me måtte ha refleks. også gler eg meg til jolegateopninga. heime.

no skal eg lesa litt til.

Kjelde:
Eldrid Lunden – Inneringa (1975)