juridiksystern tykkjer at nerdebloggen kan vera litt kryptisk, at somme av tekstane er heller utilgjengelege. dette kjem fram over dagens lunsj i biblioteket. eg lyt i nokon grad seia meg samd i dette, og er difor djupt rørd over at syrran faktisk gjev seg i kast med desse tekstane likevel. som svar på tiltale (merk den jus-relaterte ordlyden) kjem her eit tekststykke som venteleg vil vera meir tilgjengeleg for kvinna med lovboka. likeins vil det vera tilsvarande utilgjengeleg for alle som ikkje var med på lunsjen. dette var det me sa, me tre, og alle som ein var komne til ein gratis kaffi på kortet sitt:

(om ein komande jus-eksamen)
– eg ser det bare for meg som eit klesskap, og der er det heilt kaos, og eg veit ikkje kor eg skal begynne!
– du treng eit klesskap til!
– eit til? eg har jo meir enn nok med det skapet eg allereie har!
– ja, men eit tomt eit, også flyttar du berre over det du har bruk for dit.
– eller du kan ha ei sånn stang som står fritt ute i rommet. då er det lett å endra rekkjefølgja i tinga òg.

(om progresjonen i jusstudiet og/eller jus generelt)
– det er ei russisk dokke. du trur du er der, men du er aldri der.

(om eksamenslesinga)
– det er som å setje på eit juletre, kor fleire av lysa har vore gåene. også bare ping-ping-ping.

(plutseleg utbrot)
– åh, kan du ikkje pynte kaffikortet mitt?

eg hugsar ikkje kva den springende regressen eigentleg var, men i mitt hovud er han slik:

dessutan fortalde eg om undervisningsopplegget “finn tre facebookstatusar og set dei saman til eit dikt”, som visstnok skal ha funka særs bra på yrkesfag. dette vil eg også gjera. kanskje aller helst sjølv:

Då er det berre å begynne å planlegge.
Eg vil ha ein slikt plakat.
Nokon som kan skaffe ein til meg?
Når du ikke har
åpnet boken på en halvtime og
sitter og leser
revolusjonær tysk lyrikk fra 1800-tallet
på nettet, er det kanskje på tide å dra hjem.