her er bakgarden til PLES. det er også bakgarden til vektergarden og ng1. eg fann han då eg skulle ut med boset etter å ha rydda på studentmållagskontoret. (med PLES viser eg sjølvsagt til pelsbutikken som har skrive gale på skiltet sitt.) kyrkjelege hus nr 2 frå venstre fascinerer meg mest, sjølv om staden som einkvar kan sjå er nærast fullkomen, generelt sett.

kva er det eigentleg dei held på med på PLES? eller hjå naboen til PLES? dette skal eg fylgja med på. det vert mange seine stunder på kontoret frametter, og mykje uvøren papirbruk slik at eg ofte må ut og resirkulera.