natt til måndag vakna eg klokka 5 fordi eg drøymde så levande om nittitalsgruppa no doubt. dei spelte konsert i vossasalen. herregud. (dei anonyme draum-genane ser ut til å verka sterkare di eldre ein vert) denne draumen fekk større fylgjer for denne veka enn han sjølv veit. ikkje greidde eg å sovna om att, og eg greidde heller aldri å henta inn att den eine timen eg skulle ha sove vidare dei neste nettene. dette sette såleis standarden for ei greitt under middels veke. han skulle skamma seg, draumen. difor heng eg han ut her.

i dei vakne stundene har eg mellom anna leita etter dagslyslampe, som vonleg kan få alt dette og meir til på stell. viss eg hugsar å sløkka han i rimeleg tid, vel å merka. dette elektriske vedunderet er – ingenlunde overraskande – utselt frå lager hjå samtlege butikkar PÅ HEILE VESTLANDET.

det står elles greitt til.