femten songar har eg samla på spotify. nesten halvparten av dei er frå same artist (Rockettothesky), men det er berre fordi korkje Led Zeppelin eller… eg hugsar ikkje kven den andre var… jau, Jan Garbarek – berre fordi dei ikkje var å finna. no er eg spent på kor lenge eg får ha selskap av desse femten, sidan spotifyen meiner ein gong meinte eg berre har åtte timar speletid til saman. timar eg longo har brukt opp. vel. programvaren om det.

(what are we going to do without)
quick, breathe in deep

før dette las eg Jon Hellesnes, men måtte gje meg midtvegs i nokre lengre utgreiingar om essaya til Holberg. eit stygt nederlag, sidan nett Holberg, av alt og alle, er noko eg bør kjenna til.

meir enn det er det ikkje. alt dette var berre ein freistnad på å slå eit slag for blogging påverka av lettare rusdrykk. nærare: raudvin. andre har gjort det betre tidlegare.

eigentleg driv eg berre og utset å leggja meg. (eg er veldig uroa for eventuelle og/å feil i den førre setninga. trikset er å setja det i fortid: “eigentleg dreiv eg berre og utsette å leggja meg”. så det var ok, tenkjer eg)

skal eg vera heilt ærleg driv eg berre og utset å stå opp. då skal eg planleggja undervisning. etter planen skal eg vera ferdig med dette klokka 12 og så berre halda fram med helga, men eg veit jo at det ikkje vert slik. i min eigen visjon for sundagen skal eg springa ein lang tur etter planleggjinga, i røyndi kjem det til å regna, og det kjem heller aldri til å verta noko “etter planleggjinga”, det vil ta heile dagen. det einaste som er heilt sikkert, er at eg har torsk i frysen. kanskje eg et han.