gjekk tur med ein lom i dag. det er ein kjekk fugl som ligg lågt i vatnet, eller fer heilt under lenge og langt. me treftest inst i byggeplass-kråa ved Store lungegårdsvatnet, og fylgdest åt heilt inn i vika ved bybanestoppet Florida. der briska fuglen seg valdsamt med mange korte dykk på rad, sikkert for å seia hadet. eg ville vinka til han, men hadde inga hand ledig. vel komen inn i parken kom eg i hug at det ikkje er veldig vanleg å vinka til fuglar, og at det gjerne var like greitt at eg ikkje gjorde det. var jo ikkje heilt fritt for folk i området nett då. samstundes kjennest det som eg burde ha takka skikkeleg for turen, slik at lomen vil symja tur fleire gonger.