(lyrikkstund)

det er mange blanke
motseiingar i sjøen, i dag
er det dei langsgåande linjene.

*

du må bestemme deg nå
om du vil snakke
eller om du vil overlate til språket
å uttale kven du er

ditt hemmelege ord er
ikkje noe hemmeleg ord, det tilhøyrer
oss alle

du må bestemme deg nå
kven du vil vere, du veit storparten
av det som blir sagt ligg tungt i sjøen
som ein vilje til å dukke

språket som søkker deg djupt ned
til kvelning

du må bestemme om du vil bli noen
uttalt nå, du må skifte språk
for ditt bare liv

Eldrid Lunden