nei, eg er nok ikkje eit akvarium kor impulsane kan flyta inn og ut som dei vil, utan å leggja att inntrykk. det er sanneleg like greitt, men ÅH, å driva å ta til seg alt òg! alle orda eg les og skriv for desse oppgåvene, haugevis, samlast i galne kvervar i hovudet, bringa og magen. eg har ikkje plass til fleire, dei må ut, men eg har inga makt over dei, og det har ikkje dei heller. dei skal ingen stader.

i fiksjonen er det om lag her i forteljinga at eg spring ut på torget og skrik alt eg maktar.

i røynda går eg mellom biblioteka og blir klissblaut utan at det gjer noko. boka eg skal ha fatt i finst på hylla når eg går frå HF, men har vunne vorte merka som “tapt?” innan eg kjem fram til PS. det gjer ikkje noko det heller.

eg samlar symbolikken i hendinga til seinare.