her skulle det vera eit gildt bilete av årets jolakalender, men eg fekk ikkje til å overføra det til mac’en, for kameraet kom ikkje opp med eit pling sånn som det plar, og det var heller ingen andre program som ville hjelpa. i morgon prøver eg med ròtadroget (den gamle maskina).

i alle høve er årets kalender av dei betre, og noko fleire burde gjera. det er den same travaren som mor mi sydde då eg flytte heimeifrå, med lommer til å putta ting oppi, og knappar til å hengja ting på. i år har eg putta og hengt opp te, ein pose for kvar dag. ein idé mor mi kom med; for ein tepose høver nett perfekt oppi lommene (det var litt verre å knyta dei fast til knappane). eg har utvida mamma-idéen til å også involvera diktlesing so lenge tekoppen varer. veldig vakse, og ikkje minst lærd & danna, i den grad eg har skjønt kva danning eigentleg er. eg trur mi danning er prosess meir enn resultat, noko eg er mest medan eg held på å verta danna, for det er ikkje mykje danna å meina seg vera ferdig med det.

kalenderen fungerer forresten vel så godt utan lommer og knappar. det er vel vanleg med 25 teposar i øskjene ein får på butikken, og då er jo kalenderen klar med minimal eigeninnsats, berre ein tek ut ein pose (eller avsluttar 1. joledag). så må ein hugsa lyrikken. her kjem ein langt med Olav H. Hauge. sikkert fleire år om ein vil.