førespelet: ei meldingsveksling direkte utløyst av te+lyrikk-kalenderen, denne kvelden med “Eit sakleg drøymt liv i overflata”, oppglødd:

eg: “Too much brain!/ Og ho seier at ho heller vil behalde vitet/ kaldt heilt inn i ville helvetet, enn å/ betale prisen for eit nytt hjarte” viss EG skulle tatovert noko ein gong. Eldrid!!
R: Du får slå til med eit portrett av dama med det same!
eg: I eit sånt sjømannshjarte på armen, omkrinsa av harry-svaler og lysande fordervabitne eple på lepper i graset*.
R: For all del! Trur ikkje eg har sett slike eple, men klart dei må med. (om du får eit dotter, må ho heite Eldrid!)

* her korrigerer eg meg sjølv, for i denne meldinga siterte eg eigentleg feil, blanda eple og lepper, og trudde leppene lyste. det er rettare at epla gjer det.

litteratur:
Eldrid Lunden: Det omvendt avhengige (1989) og “Det gamle” frå f.eks. juli (1968)