“Tarald rømde frå Kongsberg Våpenfabrikk som fireåring. Han var den einaste såkalla prøverørbomba som hadde klart det. Kort etter la fabrikken ned drifta, og dei involverte forsvann frå landet, for ingen ville vere i nærleiken dersom ungen tenkte den innpoda koden “Eg sprengest” tre gonger etter kvarandre og såleis gjekk i lufta og utsletta seg sjølv og alt anna i ei mils omkrins.

Alle som har prøvd å ikkje tenke ein gitt ting, veit for eit kunststykke det er, men 79 år etter at han rømde, sit Tarald udetonert ved sida av kjærasten sin, Oda, på ein benk inne i Åsane Kjøpesenter. Kvar torsdag pyntar dei seg og går ned her for å sitte på denne benken, så alle kan sjå at dei framleis verkeleg er forelska.”

Olav R. Øyehaug: Kodane