monster truck madness: me dreit i kappkøyringa og køyrde ut av løypa, langt ut i delen kor dei som hadde laga spelet ikkje hadde laga noko landskap. her køyrde me rundt i inkje, men det kunne gå litt opp og ned likevel.

ignition: viss me kom skeivt ut i starten var det ikkje gagn i. då dreit me i kappkøyringa, og tullkøyrde til dei andre bilane var komne i mål. så skuta me dei bakover i løypa, ein etter ein, og utføre stupet. det kravde mest arbeid å få bussen utføre. me måtte passa oss for traktoren, og ikkje vera så tankelause at me køyrde i mål sjølve før hine var krasja. me kunne skubba bilane føre traktoren òg, viss me ikkje orka styra med å dytta dei heilt til stupet. det var ikkje poeng å henta på denne framferda.

need for speed II: me spelte for å vinna. skulle ein greia dette, var det lurt å velja mclaren (trur eg), men sidan dette bilmerket både var ukjent, og hadde stygge fargeval, køyrde eg ofte dårlegare bilar. porschen, til dømes. utruleg vanskeleg å kontrollera. raud, oransje eller lilla.

lego racers: fyrst tullkøyrde me alle banane, til me hadde funne alle snarvegane på samtlege. så nær som ein bane, til valdsam irritasjon. dinest kopla me til joysticken, slik at dataen forstod at me ville spela duell. me brukte berre tastaturet når me spelte. to og to mot einannan, så vinnar mot vinnar, tapar mot tapar, vinnar mot vinnar og så vidare, i eit endelaust krinslaup, heile helgar og feriar.