I Kárahnjúkarfjellet søv kraner ståande. Gravemaskiner, maskinklokker, lokomotiv og seglskip med bøygde hovud, tålsamt ventande på sin tur. Utanfor remjar dinosaurane, trampar, dyttar rullesteinar rundt Vogar, ventar på at det skal bli deira tur til å kvile.

*

Grunnen ristar. Dinosaurar duvar. Berg krakelerer. Lysglimt bryt opp Kárahnjúkar-mørkret. Lava gløder, og lyser opp søvnen. Sprekken i fjellet veks. Dagen dyttar på draumane, og bryt inn, opnar for Vogar.

I Vogar blir lava til laguner. I laguner kvervlar straumar av hav. Der vatnet reflekterer botnen, er det svart. Der lavaen møter luft blir han svart. Bare dagen gløder. Gravemaskiner, flygemaskiner, ein dampbåt, snur seg over, bort frå lyset, og vil sove vidare.

Men nokre ting er ikkje opp til dei å styre, som søvn, draum, jordas reise rundt eldkula.

Mette Karlsvik: Bli Björk