Då de har ete middag, sett Heiða seg med teikneblokka igjen. I kveld teiknar ho Björk. Ho ser rett på Björk mens ho teiknar henne.
– Kvifor gjeld ikkje det same for Björk som for meg?
– Du vil det same skal gjelde for Björk som for deg?
– Når du teiknar meg, ser du forbi meg. Du ser rett på Björk.
– Björk er ny. Eg har ikkje bestemt meg enno for korleis ho ser ut.

~ Mette Karlsvik: Bli Björk