Etter ei utferd til sørlegare strok (Kvinnherad), nytta eg fredagskvelden saman med lokallektyre frå desse eksotiske traktene. Nærare bestemt er her tale om lokalavisene “Grenda” og “Kvinnheringen”. To krunedøme (kroneksempel) på sjangeren, skal det skjott syna seg, men fyrst nokre harde fakta om avisene, så grunnen er lagt for vidare lesnad:

Grenda
Bladstyret held til: Rosendal
Hovudsak: Mann sel protesar
Eigentleg hovudsak: Seks menn baker potetkaker
Utførleg sak om vêret som var: Ja (2 sider)
Humor og ironi: Ja, men uvisst om det siste er medvite.

Kvinnheringen
Bladstyret held til: Husnes
Hovudsak: Noko styr med helsevesenet
Eigentleg hovudsak: Grundig oversyn over kva for engelsk fotballag rosendølane held med
Utførleg sak om vêret som var: Ja (1 side)
Humor og ironi: Ja, men uvisst om det siste er medvite.

Hovudsaka
Grenda-saka om den utflytte proteseseljaren dreiar, til lokalavis å vera, overraskande fort vekk frå skildringa av korleis protesekaren fekk foten kvesta og over til langt viktigare: har han halde på dialekten, etter at han flytte til by’n?

Då Grenda kjem på besøk, sit han i telefonen med ein forretningskontakt. Eit og anna “uke” og “hær” og “dær” snik seg inn, men elles snakkar han forbausande bra kvinnhersk. – Beklagar, eg knotar litt, men så var det i tillegg ein austlending eg prata med, unnskylder han seg.

Få minutt seinare ringer ein ny kunde. Denne gong er Jørn plettfri, og seier til og med “veke”.

Med denne språklege sjarmoffensiven innynder avisa seg hjå nettnerden, men alas, vad sker der saa? Jau: “Foten min var nesten heilt avriven, den hang berre å dingla” og “Han behaldt lårbeinet, men mista det som var under”. Kor skal Grenda berga seg ut or dette fæslege uføret? (For uinnvidde syner “dette fæslege uføret” til forvirring om og/å og eit svært bokmålsnært og endåtil skjenda verb) Dette skal me rimelegvis sjå på etter at hovudsaka i Kvinnheringen er nemnd uforsvarleg kort og dinest oversedd: Ho handlar om at 15 årsverk skal sparast inn samstundes som fem nye sengeplassar skal koma til. Skjerpings, kommune-Noreg.

Notisar i mergen
Sidan hovudsaka i Kvinnheringen er overlag seriøs og difor lite underhaldande, dreg blikket seg heller snøgt ut til venstremergen, kor me finn overskriftene “Festbråk”, “Høge smell”, “Mykje småslåsting” og “Pissa på minibanken”. Alt dette finn stad i Husnes. (Til liks med resten av stoffet i avisa, berre unnateke saka om kva fotballag rosendølane held med.) “Høge smell” er, som det går fram av overskrifta, eit perfekt føredøme på mergnotis, sjølve bærebjelken i lokaljournalistikken:

Høge smell
HUSNES: – Den siste tida har det kome fleire klagar frå folk i Stølshaugvegen på Husnes, som på nattetid har høyrt høge smell. – Vi veit ikkje kva dette er, men vil ha tips om observasjonar på dette, slik at vi kan få slutt på tullet. Det er plagsamt om folk skal bli vekte på denne måten, seier lensmann Jan Fosse.

Dei veit ikkje kva det er, og lensmannen er sitert. Det er så vakkert.

Vêret
Grenda har ikkje mergnotisar, diverre for dei (og meg), Grenda har ikkje ein gong nokon merg. Til gjengjeld har denne avisa ein dramatisk to siders biletserie om vegar og ymist anna som regnet har øydelagt. Alle bilete i fargar, og med nokonlunde objektive biletkommentarar til: “Vassmengda som hopa seg opp ved avkøyringa til Seimshagen var i grenseland til uanstendig. Og vanskeleg å køyra rundt”. I Kvinnheringen er vatnet noko tammare, her renn det berre “lysteleg over hovudvegen på tre stader” og har laga “eit stort dike på bakkane og ei stor pøyse i vegbanen”. Korleis ei stor pøyse i vegbanen ikkje kvalifiserte til si eiga heilside åleine, er for meg ei gåte. Kvar er dramatikken? Jau, i saka om det som kunne ha skjedd, men ikkje hende. Her: vegen som kunne ha rast ut. Illustrert med kona til han det gjaldt, som peikar på staden ulukka kunne vore ute.

Kvinnheringen har ikkje spandert fargar på uvêret som var, men uvêret som kjem har fått kart i gilde fargar (utan vêrsymbol på…) og vert skildra i følgjande ordelag:

VÊRET
Det nydelege vinterferievêret held fram. Det er meldt om regn i store dosar både onsdag og torsdag. Temperaturen blir på fine seks grader.

Snakkar me syrleg & sarkastisk vêrmelding heilt på ekte?! Fri og bevare meg vel.

I framhaldet: Nærare om dei eigentlege hovudsakene.