Omstendeleg framhald av nærlesing av lokalaviser frå Kvinnherad.

Nedsenkt i angst for morgondagen og dagane fram til blokkdagslause onsdag, kor ein atter får trekka vêret, er prokrastineringa nær og kjær. Dagen så langt: funne ut at slumringa på mobilalarmen har ei grense, etter ca 5 gonger stoppar funksjonen, og då kan ein brått koma til å sova ein time lenger enn planlagt. Etter det høver det fint å høyra intervju med norsk-svenskar på p2, og bruka usakleg lang tid på å vaska opp. Sjå på rekneskapen for førre månad, og sjå at ein har brukt berre 2583,82 om ein ser vekk frå husleige og straum. Kjeldesortera og handla kaffien ein treng for å kunna lesa Syn og Segn, siste utgåva med innhald som kan måla seg med den svenske tydinga av namnet til utgjevar. Dinest: skriva framhaldet av lokalavisgranskinga, og samstundes oppdaga at ein har teke til å skriva stor bokstav etter punktum. Forvitneleg, men det skal ikkje verta ein vane. Lokalavisene eg granskar er framleis desse:

Grenda
Bladstyret held til: Rosendal
Hovudsak: Mann sel protesar
Eigentleg hovudsak: Seks menn baker potetkaker
Utførleg sak om vêret som var: Ja (2 sider)
Humor og ironi: Ja, men uvisst om det siste er medvite.

Kvinnheringen
Bladstyret held til: Husnes
Hovudsak: Noko styr med helsevesenet
Eigentleg hovudsak: Grundig oversyn over kva for engelsk fotballag rosendølane held med
Utførleg sak om vêret som var: Ja (1 side)
Humor og ironi: Ja, men uvisst om det siste er medvite.

Dei eigentlege hovudsakene: fotball og karabakst
I dag er dags att titta nærare på sakene som er dei verkelege stornyhenda i blada, men likevel ikkje fyrstesidesaker. Fyrst ut er Kvinnheringen, med den einaste saka som ikkje finn stad i nærleiken av bladstova i Husnes – nemleg fotball i Rosendal. Ikkje ei fræsk sak om eit lovande smågutelag, men ein særs inngåande studie i kva engelsk fotballag innbyggjarane i bygda held med. Avisa har kontakta samtlege supportarklubbar og bede om tal på medlem frå Kvinnherad, eit formidabelt arbeid altså, og framstillinga av utkomet er overhovudet ikkje objektiv:

Manchester United
Medlemmer i Kvinnherad: 119, eller som dei fleste vil seia: 119 for mange.

Chelsea
Medlemmer i Kvinnherad: Har ikkje svara, spørsmålet burde kanskje vore skrive på russisk.

(Dette er anten veldig lokaltinternt, eller Chelsea-internt. Eg skjønar ikkje.)

Bolton
Medlemmer i Kvinnherad: 0, men fire på Stord.

Tottenham
Medlemmer i Kvinnherad: Sju, noko som er overraskande få, men det er kvalitet på dei som er medlemmer.

(Kan dette vera laget ditt, artikkelforfattar Tomas Tottenham Bruvik?)

West Bromwich
Medlemmer i Kvinnherad: 0, dessverre melder supporterklubben.

Som utanforståande tykkjer eg både supportarklubbar og avis verkar litt slappe med personvernet, når artikkelen kan prenta informasjon som til dømes: “Verd å merka seg kan det vera at Manchester City som toppar ligaen i England, har ein medlem i Kvinnherad, ein mann frå Sandvoll. Kven dette er, er uvisst.” Einkvar kan ta seg ei nepe på at samtlege frå Sandvoll veit kven karen er, og at resten av kommunen er i slekt med han på eit eller anna vis. Og no får dei altså vita at han held med laget som er i ferd med å grusa deira eige. Herregud!

Utleverande er også den eigentlege hovudsaka i Grenda, kor me får møta seks karar på eit skulekjøken, i ferd med å baka potetkaker. Det kjem fram av artikkelen at dei har gøymt seg vekk for å læra bakstefaget:

Birgit  (kurshaldaren) held også jamleg kurs, gjerne med mannlege deltakarar, men dette var fyrste gong heile kullet bestod av menn. – Det er for at me ikkje skal bli mobba, forklarte Jan Martin om dei kjønnslege avgrensingane.

Takk skal du faen meg ha, Grenda, som no breier bakstedeiene ut over to sider, med forkle og alt. Artikkelen opnar då også med “- Ka farsken”, fyrste replikk som fall då den oppsøkjande bladfyken entra kjøkenet. Og han veit endå å snu seg utor den høvande straffa han greitt har fortent:

Når så mange personar baker samstundes, er det ikkje til å unngå at det vert mykje rot og stor oppvask. Per T. trudde han hadde løysinga på problemet. – Derfor Morten (bladfyken) kom utom, han skal vaska etterpå. Journalisten hadde heldigvis andre oppdrag, så den snedige planen til Per T. gjekk bokstaveleg talt i vasken.

Nuvæl, det er heldigvis ikkje ei skam å baka sjølv om ein er kar, seier kurshaldaren: “Kursleiaren hevda derimot at det ikkje er store skilnaden på kjønna når det gjeld evna til å læra seg baking. – Det er trening som skal til. Mange menn likar å laga mat, så kvifor ikkje baka.” Med dei orda forlet me skulekjøkenet, og går over til ymist-posten på programmet:

Det er gull alt som glimrar
Her er dei systemlause, men aller finaste skattane frå Kvinnherads lokalpresse, i tilfeldig rekkjefølgje:

KONTORMASKIN
Grenda har fått seg ny
kontormaskin og ønskjer
difor å selja vår Bizhub
C450 (A3 + A4).
Tlf.: 53 48 71 00

(Greitt å få lysinga på prent et sted
hvor det når ut til litt flere, si. Høh høh)

ER DET EN ENSLIG MANN
i 60-70 årene som vil bli
kjent med en ensom dame?
Har hus i Høylandsbygd.
Seriøst.

Tlf. 482 56 258

(Eg liker den doble bodskapen i “seriøst”,
og kan nokon vera så snill å ringja for det
er så sørgjeleg med “ensom”)

Ei fan-tas-tisk lysing i Kvinnheringen:

Gjennomillustrert gamalkall og måse-sak på baksida til Grenda:

Avslutningsvis lyt mergnotisen om “Husnes Hjortevald” nemnast. Dette verkar vera eit valdeleg lag av uvisst slag – kva i allsin dar er det dei held på med?! I notisen vert opplyst at det i fjor “vart felt 30 dyr” og at “kalv og ungdyr delen kom ut med 57,7% og kjønnsfordelinga enda dette året på 50:50.” Sag mal, slær dei dyra i hel med berre nevane på desse breiddegradane? Alt ein ikkje veit.