om ein engelsk songtekst eg har høyrt feil så lenge at han har blitt slik.

her lyt fyrst nemnast at mi engelske sjølvkjensle er svært låg. dette er ikkje eit språk eg kjenner at eg meistrar. det kjennest som eg stagnerte ein stad på ungdomsskulen, samstundes som dei andre verkeleg kom i gang. eg veit ikkje. i samband med musikk får trøysta vera at eg i det minste får med meg noko av teksten – heime konsentrerer dei seg om andrestemma og lèt innhaldet berre fara. men så de veit: at eg ytrar meg om engelsk, og endåtil om noko eg har gjort feil på engelsk, er ei hending av dei heilt sjeldsynte. eg skal jamvel skriva litt engelsk, og har grudd meg lenge. eg må jo gjera greie for kva eg har høyrt. no skal eg slutta å bruka kursiv, og koma til poenget.

her er songen. teksten står under videoen. den skaplege teksten. vel. dei om det. (herregud, no er eg flau, men eg skal gjennomføra) andre held ein knapp på følgjande:

“how freckled my heart and how lousy my eyes”

det siste gjev overhovudet ikkje meining, eller jau, kanskje litt (helsing 8-10 timar dagleg med lesebriller og dataskjerm). når ein er på mitt nivå, har engelsk meiningsløyse lite å seia uansett. dei seier no så mangt løye på engelsk. og eg plar jamt undra meg over kva desse forunderlege formuleringane deira eigentleg tyder. eller: no tyder jo mykje på at dei forunderlege formuleringane er noko eg lagar heilt sjølv.

vidare. i dag vart eg skikkeleg skuffa over originalen. eit frekna hjarte er finare enn eit ustadig (eg laut ty til ordboka her). eg har førestilt meg det frekna hjartet. eg har lurt på kva som har laga freknene. viss eg hadde hatt tid, ville eg sett meg ned og teikna hjartet med freknene, for så fint er det. og eg har kjent etter korleis det er å ha eit slikt hjarte. eg veit nok korleis ustadig kjennest. korleis kjennest frekna? er freknene på innsida eller på utsida? og er det slik som med vanlege frekner, at somme personar er meir disponerte for å få det, og somme (til dømes eg) ikkje får i det heile? at dei som har dei vil verta av med dei og me andre vil få.