– Det finst mange ulike typar vald. Det er open vald og det er løynd vald. Kvinnevald er ofte løynd vald fordi vi er smartare enn menn. Ja. Og det er gjerne den løynde valden forfattarane interesserer seg for. Den løynde valden, fordommar, feilinformasjon, til dømes, banar ofte vegen for open vald. Den farlegaste løgna er den som bortimot er sann, heiter det. Den største utstillingsplassen for den løynde valden er media, sjølv om media fokuserer mykje på den opne valden. Den usynlege valden kan til dømes liggja i at media dagleg presenterer oss for eit røyndomsbilete som til 70-80 prosent består av ulykker, skandalar og vald. Pluss ein dæsh pop. Pluss ein blome. Pluss ei søt lita ape. Som eit slags kontrapunkt. Dette biletet er sjølvsagt tendensiøst, og dessutan kjedeleg. Når eg knapt orkar å sjå Dagsrevyen lenger, er det mindre fordi han vassar i ulykker og vald enn at han er kjedeleg. Men ein skal kanskje vere forsiktig med å moralisera. Viss ein oppsøkjer ekstreme reaksjonar (og rapportar om vald er ei billeg kjelde til spenning), så kan det vere symptom på ein eller anna mangelsjukdom. Før hadde folk meir enn nok med å halda seg i live, og mange opplevde meir spenning enn dei likte i samband med det daglege strevet. I dag er dette radikalt endra. Samstundes har me visst ikkje greidd å finne noko meiningsfullt alternativ. Basehopping duger for nokon. For andre går det bra med piercing. Å kjenna spenning, og å oppsøkje grenser er viktig for svært mange menneske. Æh… du spurde om… om språket kan vere eit hjelpemiddel til å få bukt med vald. Ja. Det trur eg.

seier Eldrid Lunden, i dette gamle intervjuet. det er fint.