eg – for ei gong skuld utan “eg❤ nynorsk” eller “takk, Ivar Aasen”-merke på jakka – hentar ut allergimedisin på apoteket og møter meg sjølv:

eg: eg skal henta ut ein resept på allergimedisin.
farmasøyt: (granskar e-resepten med rynke i panna) hm.
eg: (inni meg) resepten er heilt sikkert ikkje sendt enno, fader!
farmasøyt: (ironisk) det var no ei flott blanding av nynorsk og bokmål, men viss det er slik han vil skrive, så… (sukkar)
eg: eg skal ringja og be han skjerpa seg!
farmasøyt: ja, han må ikkje drive og tulle med nynorsken!