det skarpe solljoset midt imot då eg forlét biblioteket sende meg attende i ei samrøda frå ein busstopp; etter arbeidstid, oppglødd snakka me om korleis ljoset av og til kunne vera for skarpt. eller korleis augo brått i sume augneblinkar ikkje verka kunna handtera mengda av ljos som ville inn. det var det mest spanande i liva våre.