noko kjem til å kome. ei fanzine, eller ein grøssarroman. ei grøssarfanzine? kanskje. her er den spede byrjinga, eit lite utdrag kvardag, rykande ferskt frå facebook:

H: Ja, ironisk nok snakka ho om føredraget ho skulle halda på eit dødsseminar. «Dødsseminar, da va jammen trist», sa eg. «Det spørst på hvordan du ser på det», svara ho halvt kviskrande. Vesande. Med tidenes lengste pause etterpå. Eg burde jo skjønt det der og då.

I: HAHAA, eg trur eg endeleg fekk innhaldet eg trong til romanen min – eller grøssaren, som det vert.

R: Åh, skal du skrive deg styrtrik på fantasi og galenskap, medan vi andre sit og gnur med “digtets aand”?

I: HAH, eg er nett ferdig med å gnu med det diktet. Eller nei, eg må nok gå gjennom det ei 3. gong òg. No er det «Gullhanen» som står for døri.

R: Eg meinte meir sjølve aanden enn diktet, men hoho, har faktisk vore innom det eg òg. Gullhanen kan eg berre vagt hugse.

H: Sitat Olav H: dagbok 20. okt. 1937: “in due time after examination I returned to Hermansverk. I had got a severe cold and went suddenly mad. Completely.” Håpar det ikkje går med meg som med Olav.

R: Er det mogleg vi kan lage desse konversasjonane om til ein fanzine ein dag? Eller eit teaterstykke?