kveldens mest alvorlege avsporing heiter Athena, og er eit – heilt utan ironi – veldig fint fiskeskip eg såg bilete av på den færøyske nyhendesida kringvarp.fo. kringvarpið rykkjer såleis ned til ein heller overraskande 2. plass i uhøgtidleg avsporing. om ikkje heilt ned på 3., for eg har vore innom wikipedia òg. der står det at Athena er eit særs uheldig skip, som det har brunne i tre gonger, siste gong i fjor (biletet er nok teke då). no skal Athena få fiska makrell i beste velgåande, fortel nyhendesaka.

annar parturin
(fyrsti parturin)