eg tek på meg det strenge e-målet når eg kommenterer dei siste, avgjerande stilane. får meir tyngde slik. e-målet ser ut som ei ung og likevel røynd kontorfrøken frå kanskje 50-talet, ei slik med drakt og strenge briller. ho er forlova med ein som har bil. ho kan skrive kor kjenslelaust ho vil, bruke mest plass på det som trekkjer ned, ikkje anse grining og syt. e-målet kjenner si framtoning, er ein mur utan sprekker til å lure klagar inn i, det svartbratte berget isjøklane ikkje greier å hengje seg på vinterstid.