for ei lita æve sidan, i tredje Syn og Segn frå 2010, tek åtte forfattarar føre seg spørsmåla

1. kva er det med den vestlandske humoren? finst han, og er han betre enn annan humor?
2. kva får deg til å le? 

eg er ganske viss på at eg tidlegare har teke føre meg denne artikkelen i vevritet. då siterte eg truleg den oppsummerande kommentaren frå Marit Tusvik som òg kjem her: “Når ein tullar med ein austlending eller med ein utlending, må ein ofte legge til ‘eg berre tulla’. Dette treng ein aldri seie til ein vestlending.” å, kor ein kan kjenna seg att i dette! det var godt å sjå at det var fleire med slike erfaringar. minst åtte. desse åtte: Einar Økland, Agnes Ravatn, Ragnar Hovland, Brit Bildøen, Charlotte Myrbråten, Marit Tusvik, Reidar Karlsen og Kjersti Rorgemoen.

når eg brått vender attende til denne artikkelen (som eg altså trur eg har skrive utførlegare om før, utan at eg greier å finna att det eg skreiv då. leit sjølv!) heng det i hop med at eg har funne ut kvar denne humoren kjem frå. det vil seia, eg har funne ut at han alltid har vore her. denne kunnskapen har eg frå ein rikhaldig power point om dei islandske ættesogene, kor ein av merknadene til forteljestilen er følgjande:

Beskriver store og små hendelser, dramatiske og hverdagslige på nøyaktig lik måte.
–Liten bruk av adjektiv
–Underdrivelser – humoristisk

det er særleg dette med å skildra det store og det vesle på nett same måte, som råkar vestlendingen og humoren hennar så godt. ein vidare teori er at same forteljarstil er særs utbreidd i norsk (eller kanskje berre vestlandsk?) lokalpresse. såleis er det korkje underleg eller uventa at eit knippe studentmållagsmedlemer kan underhalda kvarandre ein heil kveld med å lesa høgt frå lokalavisene dei soknar til.

døme? javel:
ommøblerte på riksvegen (strilen)
opptatt inntil vidare (strilen)
sjå alle båtane (sunnhordland)
bømling og stordabu i slagsmål (sunnhordland)