Eg er den fyrste fullkomne tankeløysa, ekstatisk og ute av stand til å gjera meg noka fornuftig nytte av verda, og på maskeballet til samfunnet kan eg dukka opp, men eg kan også vera fråverande, lik ei som er forhindra eller har gløymt å laga seg ei maske, som av aktløyse ikkje kan finna kostymet sitt og difor ein dag ikkje vert beden lenger. Når eg står framføre ei husdør i Wien som eg framleis kjenner, kanskje fordi eg har ei avtale, fell det meg i siste augneblink inn at eg kan ha teke feil dør, eller dag eller tid, og eg snur og dreg attende til Ungargasse, altfor tidleg utmatta, altfor mykje i tvil.

Ingeborg Bachmann: Malina
omsett i all hast, med opprinneleg setningsdeling