no byrjar motebiletet å likna noko! nærare bestemt bror min og eg ein fin sumar for om lag 20 år sidan (herregud, tido går som ein galen sau, som ei veninne sa ein gong. ganske lenge sidan det òg.). sidan eg ikkje har privatfotograf lenger, laut eg halda kameraet sjølv, og kunne difor ikkje posera med dei fire torskefiletane eg har i frysen. det er kanskje like greitt, dei kan uansett ikkje konkurrera med ein veldig levande makrell (som synt på biletet til venstre). er ein i beit for bestefarskjorte og redningsvest, kan ein likevel berga antrekket sånn nokonlunde ved å ta på seg ei gjennomsiktig skjorte med fin krage. det er vel uansett shortsen folk vil merkja seg.

sidan eg tok ganske mange bilete før eg var nøgd, det vil seia: greidde å fokusera, legg eg ut eit til. her greidde eg ikkje å fokusera. ikkje på nokon av dei mogelege motiva. men eg fekk synt ein del av underty- og sengety-koffertane nedst til høgre. dei fortener meir merksemd enn dei har fenge til no. neste moteinteriørblogg skal handla om dei.