den nynorske motebloggen nettnerding slær til igjen, og det berre eit par dagar etter at nettnerden tok føre seg sumarmoten. det skal eigentleg ikkje verta ei vane, trur eg, for sjangeren vil berre fungera dersom eg parodierer han skikkeleg, og sjølv dét tykkjer eg er for flautt å gjera. dessutan gjer andre det så mykje betre. no til saka: motivasjonen for endå meir moteblogging, kom då ho på bileta skrytte heim av kor mykje ho hadde i banken, til fylgjande respons: “mao sjao te å bruka litt i butikkane no dao, ikkje berre sitja å ruga på dei slik!” javel. dette innlegget skal såleis prova at eg kan bruka peng. sjå berre:

eg har endåtil vore i ein vanleg butikk, og kjolen er såleis ikkje brukt av nokon andre før meg. for ein tilstand! han var på sal, men det kan ikkje eg hjelpa for. og det gilde mynstore er laugar og …appelsiner / hoppeballar / soler. (eg opnar for ordskifte om dette)

bak er det ei sløyfe det er utruleg vanskeleg å ta bilete av. ein må jo gjera alt sjølv her i heimen, jamfør sumarmotebileta. på dette siste biletet kan ein òg skimta Hamsun-øyrepynten som overhovudet ikkje matchar kjolen, og som eg difor ber med stor byrgskap. det hadde vore tøft om nokon tek den litterære referansen, spesielt sidan biletet er såpass elendig og eg ikkje har tenkt å koma med nokon hint som gjer det enklare. lukke til med det!