1. synleg

eg seier eg synest du  s e r  så godt, særleg sett i skrift. me er såleis skapte at me kan sjå for kvarandre – eg på avstand og du på nært hald. slik snik inkje seg utom
vårt granskande grannsame samsyn.

2. nsb-kaffi

utanføre er endelaust med kaffi, pulverkaffi i bitar store som stein, mellom linene, kvar gong me stoppar for møtande tog.

3. inni (hlaupandi! leikandi!)