I byrjinga av juli var eg ein tur til fjells på austlandet, så langt austetter at ein kunne ferda til nabolandet etter is og lokalaviser om ein skulle ha trong til det. Det hadde me trong til, i alle fall eg, spent som …eit egg? på å finna ut om svensk lokalpresse kan måla seg med norsk. (Sjå føreleggblogg om lokalavisene i Kvinnherad her og her, om du vil.) Dei mest lokalt utsjåande avisene eg fann var Falu Kuriren og Dala-Demokraten:

Eg tok dei med meg heim for ein nærare analyse. I dag: Falu Kuriren (FaKu)

Bladstyret held til: Falun
Hovudsak: “Vården fördröjdes – en äldre man dog”
Eigentleg hovudsak: Klin umogeleg å seia
Utførleg sak om vêret som var: Nei
Humor og ironi: Knapt, men horoskopet veg opp
Mergkommentarar: Å ja

Jajamen! Fyrst lyt nemnast at Falu Kuriren ligg svært godt an i den hypotetiske kåringa “minst oversynlege avis nokonsinne”. Eg trur faktisk ho vinn. Tendensen er klår allereie på framsida, kor hovudsakoverskrifta “Vården fördröjdes…” breier seg ut rett over eit bilete av ei kvinne med ein håv i neven, vandrande i ei eng. Det er ingen samanheng her, og det skal det heller ikkje vera, men det ser då faktisk slik ut, sidan det berre er ein tunn strek som skil desse to. FaKu om det.
Det er nok like greitt lesaren er litt budd, for inni vert det endå verre:

Innhaldet
Inndelinga i avisa er nemleg ikkje tematisk, ho er geografisk. Utan at eg er så veldig lokalkjend, vil eg gissa på at prioriteringa av stoff fylgjer storleiken på staden. Slik fordeler det seg:

Del 1
Falun, side 1-8
Borlänge, side 9
Leksand, side 10
Rättvik, side 11
Västerdalarna, side 12-13
Gagnef, side 14
(Fjernsynsdel)
Södra Dalarna – Norra Dalarna, side 19
(dinest Sport og Nöje)

I del 2 er det berre Dalarna som får eigne sider, så eg tolkar det slik at del 1 kanskje femner om eit større område og del 2 er ulik frå stad til stad? Kven veit. Greia er no uansett at slik del 1 fordeler stoffet, får ein ei ny hovudsak slengd i andletet for kvar nye stad ein kjem til. Difor er det også heilt umogeleg å finna ut kva som er den eigentlege hovudsaka i bladet, altså den saka som heilt tydeleg gjer meir utav seg enn hovudsaka på framsida. Hovudsaka på framsida er det faktisk Södra Dalarna – Norra Dalarna som har, utan at dei fekk rykkja lenger fram i bladet av den grunn.

Sakene i bladet krinsar elles om vinnaremna “ungdom” og “gamlingar”. Ungdommen får sumarjobb som dansarar, drikk på festival, uttalar seg om å drikkja på festival, har tisdagskul, går på tennisskule, lærer å fiska med fluge og knuser ruter i symjehallen. Gamlingane speler dragspel med eit rockeikon (Garth Hudson), har kjøkkenhage, går på tur i skogen og vert svike av vården. Keisame greier, men det må med, slik at folk vil kjøpa bladet fordi dei kjenner nokon som er med.

Svenskjournalistiske særdrag?
Jamført med norsk lokalpresse kan eg spora lite bruk av humor i FaKu, men det er kanskje fordi det står på andrespråket. Det finst likevel nokre drag ved bladet eg kan gle meg stort over. Svensk-dölane verkar tildømes veldig opptekne av å få med absolut hela saken i artiklane, alt som skjer, alle detaljar – her skal heile sanninga fram! Eit godt døme på dette er saka “Knivskar bäste vännen – dömd”. I ingressen står det “Ett skojbråk mellan två kompisar som spårade ur ledde till att en 24-årig man från Falun nu döms till fängelse i två år och sex månader. Tingsrätten fäller honom för en grov misshandel sedan han knivskurit en av sina närmaste vänner.” Ei kvar norsk lokalavis hadde gjeve seg her. Eller før. Truleg greidd seg med: “Mann laga kvalm med kniv på heimefest og vart teken av politiet.” Den svenske artikkelen er fire gonger så lang som ingressen, for å gje eit svært detaljert bilete av hendinga:

Händelsen innträffade i maj i år och 24-åringen har suttit häktad sedan dess. Han befann sig då på fest tillsammans med flera andra. Bland annat sin vän som är 19 år gammal. Man hade ätit mat och druckit alkohol och de två vännerna började skojbråka i sängen. På något sätt föll 19-åringen och slog sitt huvud vilket gjorde honom förvirrad. Han började fråga personerna i lägenheten vad som hänt och sade flera gånger att han hade ont i huvudet. De två vännerna började tjafsa allt mer. De skrek och puttade på varandra. 24-åringen gick sedan ut i köket och tog en kökskniv från bänken. En tjej som var med försökte lugna honom men lyckades inte…osb.

Eg gjentek: “På något sätt föll 19-åringen och slog sitt huvud vilket gjorde honom förvirrad.” Det er… så svensk!

Over og ut
Sidan denne rapporten min no trekkjer ut til å verta om lag like omfangsrik som ein gjennomsnittleg mergkommentar i FaKu, lyt eg ta horoskopet og mergkommentarane føre meg ved eit seinare høve. Vidare har eg ikkje tenkt å drøfta om svenske lokalaviser kan måla seg med norske, slik eg gav uttrykk for innleiingsvis. Dette kan lesarane sjølve få tenkja over, medan de kosar dykk med eit oversyn over kva som irriterer 5976 svenskar mest.

tittelen til innlegget er henta frå side 15, del 2, og sagt av Karin Boye.