etter å ha [fenge] skammelege 65/84 poeng på språkrådet sin kartleggjingstest i nynorsk, truleg grunna litt for arkaisk språk, [slær] eg hardt i bordet med noko eg kan. endå dei vranglærde venene mine ler seg skakke. for visst har det støtt vore lov å blanda bøyingsmønstra for bli og verta! og det er det framleis. her kjem heile utgreiinga frå den nye norma:

3.4.3 Bøying av verba bli og verta

Status i dag
Verba bli og verta har vore rekna som to alternative verb, der ein har måtta halda seg til eitt av tre bøyingsmønster:

verta – vert – vart – vorte
bli – blir – blei – blitt
bli – blir – vart – vorte

I 1998 gjorde fagnemnda i Norsk språkråd dette vedtaket: «Bli og verte blir sett på som to forskjellige verb, og det kan veksles fritt mellom dem.» Regelen er ikkje omtala i årsmeldinga, men i 2002-innstillinga er han nemnd (s. 86–87). Fordi regelen ikkje har vore kjend, har dei fleste språkrettarar følgt mønsteret ovanfor.

Framlegg til ny rettskriving
Bli og verta skal reknast som to sjølvstendige verb som ein kan veksla mellom i ein og
same tekst.

Verbet verta skal førast opp med eitt bøyingsmønster i ordbøkene:

verta – vert – vart – vorte

Verbet bli skal førast opp med tre bøyingsmønster:

bli – blir – blei – blitt
bli – blir – vart – vorte
bli – blir – vart – blitt

Normhistorikk 
Aasen: verda – verd – vardt – vordet
1917: verta – vert – vart – vorte
1938: verta – vert – vart – vorti
1959: verta – vert – vart – vorte/vorti

Aasen: bli – blir – blei – blitt, alt. bli –blir – vardt – vorte
1917: bli – blir – blei – blitt, alt. bli – blir – vart vorte
1938: bli – blir – blei – blitt, (el. bli – blir – vart – vorti)
1959: bli – blir – blei – blitt, (el. bli – blir – vart –vorte/vorti)

Skriftspråkleg tradisjon og praksis
I dei tidlege landsmålstekstane var nok verda/verta mykje brukt, men varianten bli – blir – vart – vorte var ein del av midlandsnormalen og vart teken i bruk av mellom andre Garborg, som skreiv alle bøkene sine om til midlandsnormalen.

Varianten bli – blir – blei – blitt er teken i bruk dei siste tiåra i større grad enn før, men bli – blir – vart – vorte og verta – vert – vart – vorte er like vanlege. Ein del vestlandsforfattarar blandar formene på ein måte som tradisjonelt ikkje har vore rekna som korrekt: blir – blir – vart – blitt.

I offisielt skriftmål har det vore vanleg å retta til eitt av dei tre mønstera som er nemnde ovanfor. I unormerte tekstar er det ikkje uvanleg å sjå bli og verta om kvarandre. Fagnemnda i Norsk språkråd uttala seg om det i 1998 og sa at det måtte godtakast. Sjølv om dette vedtaket er lite kjent, har lærarar truleg ikkje stilt særleg strenge konsekvenskrav til bruken av bli og verta når dei har retta elevtekstar

Talemålsgrunnlag
Verta har tradisjonelt stor utbreiing på Vestlandet, men bli er i ferd med å trengja unna verta i mange dialektar. Til dels er det mønsteret bli – blir – blei – blitt som kjem inn, men like vanleg er det å seia (og skriva) bli – blir – vart – blitt.

Mønsteret bli – blir – vart – vorte har bakgrunn i talemåla på Austlandet, der den vekslinga er den tradisjonelle. Aasen skriv i Norsk Ordbog: «Paa nogle Steder ombyttes Ordet gjerne med ’bli’ (s. bliva); i det Søndenfjeldske bruges tildeels kun ’bli’ i Præsens, men dog ’vardt’ i Imperfektum.»

Vurdering
I dag er det vanleg å blanda bli og verta i vestnorske dialektar, og dermed oppfattar mange språkbrukarar det som at bli og verta er to sjølvstendige verb som kan brukast om kvarandre også i skrift. Norsk språkråd opna som nemnt for at det skal vera mogleg.

Rettskrivingsnemnda vil støtta det framlegget, fordi me meiner det er grunnlag for å sjå bli og verta som to sjølvstendige verb som kan gi stilistisk variasjon i ein tekst. Det inneber at dersom ein tekst inneheld både bli og verta, så kan ein ikkje stilla noko
krav om konsekvens i bruken av bøyingsformer, fordi alle kombinasjonar av dei fire tradisjonelle mønstera er moglege.

Rettskrivingsnemnda meiner at ordbokoppføringar av verbet bli må ha med bøyingsmønsteret bli – blir – vart – blitt i tillegg til dei to tradisjonelle bøyingane av verbet bli.

Frå: Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet, s. 177-179