nettnerdinga melder no direkte frå prokrastineringa i samband med norskfagleg slagplan i 1b, kor veke 35 til og med 40 skal planleggjast i detalj. tema, tekstar og oppgåver skal fordelast jamt og overkomeleg i tidsrommet, og så skal me variera arbeidsmåtane. eit svare strev, særleg det siste. varierer ein seg ut i det litevetta spenstige og kreative, varierer ein seg samstundes ganske heftig ut or dei tronge tidsråmene ein strengt teke har sett sjølv. men det må til. og det ljosnar då også av reklamerelatert [klypp] & lim i dobbelttimen i veke 40!

ser ein vekk frå dette ikkje uventa innspelet av kollasj (de kjenner skrivaren), er eg ikkje kome lenger enn at veke 37 om og med argumentasjon er i boks, så nær som leksa til fredag. skal dei verkeleg sleppa lekse til fredag, berre fordi Frøken ikkje finn på ei god nok oppgåve å gje? det trur eg neppe! det er nesten så eg håpar at tidsbudsjettet brest, så eg må gje dei noko av det eg skal gå gjennom på onsdag, til fredag.

så no er tre veker down og like mange to go. gjennomsnittsfarten har vore på om lag ei veke i timen. kvifor går det så treigt, skal tru? jau, det var variasjonen som greip meg. å, kor eg har variert mine eigne arbeidsmåtar i dag! eg har mellom anna skrive ein lengre e-post til norsklæraren min frå vidaregåande, høyrt  på den nye skiva til antony and the johnsons (‘cut the world’) og den ikkje fullt så nye skiva til mumford and sons (‘sigh no more’). eg har vidare kasta vekk ein heil halvtime på å vevleita etter ein annan saktekst enn den dei bruker i 1a, så det ikkje skal vera så tydeleg at eg har stelt det opplegget frå læraren deira. dinest slo meg til ro med at det valdar meg mindre styr å berre vera open om at eg har stelt hennar opplegg. så den halvtimen kunne eg brukt på noko anna, til dømes å sjå på desse bileta som er teikna med kulepenn, og desse som ikkje er fotografi, som eg også har gjort. og no sit eg her og skriv, tydelegvis.

det har vore ein fin laurdag.

midt i steget over i veke 38, og eit omfattande kurs i kjeldekritikk, innvilgar eg meg plutseleg ein pause med graut og bok! herregud! det er heller ikkje umogeleg at det vert togspel og vin seinare, kjem det frå kjøkenet. spaninga aukar – no er det kanskje berre snakk om to-tre timar att av den planlagde planleggjingstida, kan eg koma meg heilt til haustferien med så knapt eit tidsbudsjett, og så mykje internett?

nettnerdinga kjem attende om noko skjer. nei, det er gale – nettnerdinga kjem vel helst attende om det ikkje skjer stort.