i dag, i serien “vanlege ting å gle seg til”: gå på butikken i lag med nokon.

for då kan eine leggja på bandet og hin leggja i handlesekken, og då slepp eg å vera ho som alltid lagar kø, ho som i tillegg til å pakka i sekk må passa på kva for varer som er hennar, fordi ho er så treg og urutinert at andre sin mat kjem sigande og blandar seg inn.

sett frå min synsstad, då. egosentrismen i grunngjevinga kjem av at eg nett har vore og handla. åleine. i lag med alle andre som sluttar på jobb fire.