eller:

you’ve got to be goodlooking ’cause / you’re so hard to see? (verktittel)
ei haustlyrisk regnlindring med Eldrid Lunden (undertittel)

fyrst lyt ein lata væte, mørker og kulde trekkja godt inn:
(mogeleg og oppstemt upassande ljodspor til all nedbøren:
velvet underground and nico- venus in furs)

Det store grøne bildet
og regnet som gjev lyd
vindens mørker i treet
skogen på svart botn

ute i vinden, inne i vinden

Alt det rennande vatnet
alt det glidande vatnet
under ansiktet, halsen, huda som
er der til stor forstyrrelse og likevekt

/

Er det da ingen som veit
om dette lysande stille som
sig inn i knoklane mine og
bryt meg saman?

/

Så skyar det over
og alt er som før.
Skog til kvardags
frå skuldrane og ned
den usynlege elva.

/

Eg lengtar etter eit rom
å komme inn i, eg lengtar igjen
etter eit rom å stanse opp i og
berre stå og la armane hange rett ned

/

Jo, eg kjenner mørkret som stenger bevegelsen
i oss, dagar
som får deg til å bli ståande igjen langt inne
i ein mørk mangel

mørkret som
plutseleg fossar inn gjennom
søvnen, blodet i kroppen som dukkar
kaldt ned på botnen

angsten, som eit kvitt heng i brystet

om lag her skulle eg snu stemninga og helst avslutta ljost og lett. det var uråd.
Lunden har ikkje slikt. det vert i beste fall rart, med noko ekkelt attåt. 

Plutseleg ein morgon
glir døra til badet opp
bak henne, og ho kjenner kaldt
gjennom alt vatnet ho pøser over
andletet og halsen, igjen regnblikket
klårt og smalt frå veikryggen og ned.

Lydlaust har det
lista seg etter henne
gjennom dør etter dør
som ho har gløymt
å lukke etter seg

/

Dette at ein er eit ope system
Dette at alle eins tankar
sannsynlegvis er tenkt av andre, før eller akkurat nå
Dette at vi nå glir i lag nedover ein straum
av ord. Noen gonger skimtar vi kvarandre
gjennom bylgjene, andre gonger ikkje

kjølig nå, vatn er munnen

/

Du er mitt auge som glir gjennom oss

eg er ditt ansikt som berører

du er min bevegelse i all glede

eg er ditt språk til forveksling

du er mitt utkast til ein plan

eg er ditt utydelege ansikt som alltid må fyllast ut

vi er det einaste mogelege utgangspunkt

/

I går stod du inneklemt i eit ord
nesten utan å kunne puste
I dag kan du kanskje seie det, og
i morgon vil det vere eit nesten umerkeleg
fargeskifte i alt som blei sagt

/

Nedbør er jamsides og
på ein måte demokratisk.
Utkantane ligg ved neste byge
og er for så vidt alltid på veg
mot sentrum der årstidene strøymer
kjølig gjennom kroppen

frå Dikt i utval (Inneringa 1975, Hard, mjuk 1976, Mammy, blue 1977 og Gjenkjennelsen 1982)