x liten gut (~ 7 eller 8 år) i blå badeshorts som står på tremeteren i bassenget og bestemmer seg lenge. (han torde)
x eit lauv fell for seg sjølv som einaste rørsle framføre ei still gate ved Grieghallen. etter bilane var farne, før forgjengarane fekk grønt ljos.
x fullsett stor kinosal på grandma lo-fi, filmen om Sigríður Níelsdóttir som byrja å laga musikk då ho var 70. vera der og følgja like mykje med på publikum som film, kjenna at så mange menneske veit kva som verkeleg tel.