foreldre som nyst er liduge med å pussa opp femti kvadrat, kan ha vanskar med å finna noko å fylla sundagen med. då er det lett å få dei til å gjera nokon av dine oppgåver. særleg dersom både du og dei tilfeldigvis, eller som ei strengt deterministisk følgje av både arv OG miljø, har same yrke. anonym og røynd førskulelærar brukte typ 5 minutt på å laga opplegg for norsktimen eg skal ha med vg2 i morgon.*

vidare: med ei byrjande kjensle av stormannsgalskap tenkjer eg på kor sterkt yrkesdeterminismen har verka i ætta mi. her er eit hav av lærarar med utflytte born og realiserte hus- og hytteplanar! tomrommet etter born og bygging vert mest sannsynleg fylt med ei proposjonal mengd pedagogiske hugsyner og fagleg kveik.
for dei nye å lauga seg i.

*etter dette har ho ordna smalahovemiddag, sysla med noko oppe, laga kakao med krem, og generelt vore i aktivitet heile dagen. eg har sete i ro og retta nokre ganske få stilar.