/ ser enkelt ut på håll /

Han forstod han var forkasta, ukunnig, og frå då av var vitskapen ei gru for han, fordi han hadde gått seg vill der inne, fordi han hadde gått for langt og difor vorte utsletta. Han kunne framleis læra eitt og anna attåt, verta ein handlangar og halda vitet smidig, men det interesserte han ikkje. Han skulle gjerne stilt seg opp utanføre, sett over grensa attende på seg sjølv og verda og språket og samtlege krav. Han ynskte han kunne venda attende med eit nytt språk, eit som greidde ordleggja løyndommen han hadde røynd.

Så var alt likevel tapt. Han levde, ja, han levde, det kjende han for fyrste gong. Men no visste han at han levde i eit fengsel, at han måtte innretta seg der, at han snart ville rasa og at han var nøydd til å tala med i denne månsingen, det einaste tilgjengelege språket, for å ikkje vera så fortapt.

men jag lever på impuls nu / via fjärrkontroll / men jag sa alltid nej /


Quellen:
Ingeborg Bachmann – Das dreissigste Jahr
Kent – Socker