skrivetrongen trengjer seg på. eg har ikkje tid. så denne teksten har eg skrive før – berre for ei – og sett i hop på nytt og synt til alle. endå det er flautt og klissut og klisjéfylt som fan. endå det framleis berre er for ei, ho som lengten kverv om på innsida, i magen og i bringa og att og fram mellom.

og eg har ikkje tid, men det er så mykje som sprengjer på innsida og vil ut i ord. kvervelengten i hugen som spinn og spinn, lange trådar om ei som finst. dei vind seg opp i eit stramt nyste kring hjarta og lunger, og veks seg tyngre proporsjonalt med dagar ifrå.

beint fram overraskande tungt vert det, alt,

og no høver det seg med eit heilt malplassert og feilsitert sitat:
“Christer Johansson, vad tänker du på när du är kär?
– Ja att det är gott att vara kär. Och alldeles jävligt, förstås, säger Christer Johansson.”