Vel inne på bussen kjenner ho at det ikkje var så lurt likevel, å splitta seg i tre for å få fleire armar til å bera alle varene heim frå IKEA. Berre ei av ho får sitjeplass, hine må stå – og ho som ikkje eingong har hendene fri til å halda seg fast! Den jævla palmen! Ho lyt halda han med båe hender sidan potta er så glatt. Gjev ho berre hadde ein palme å halda, og ikkje dette sjukt tunge teppet ho kjøpte sidan ho skulle verta fleire og difor kunne greia med det. Enn at ho utan anna enn to puter i nevane kan vera så frekk at ho berre set seg! Kjenner ho ikkje seg sjølv betre enn som så? Ho tek ikkje kontakt med seg heile ferda, berre stirer stridt i kvar si leid.

frå røynda.