medan eg fiksar alt på alle frontar, verkeleg, alt er på stell,
etter både eigne og meir verdslege mål
– det er ikkje til å tru og endå

vil innsida springa einsam ut på ein stor open stad,

– til dømes på festplassen, ettermiddagstid
stoppa, stå i all rørsla,

skrika alt ho maktar.